Utdanning UiB og meg  Emneoversikt  Oppslag  Sikkerhet ved UiB  


BMED251 / Nevrobiologi

 Timeplan (liste)

 Litteraturliste

Studiepoeng: 15.0

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Institutt

Institutt for biomedisin

Mål og innhald

Emnet er lagt opp for studentar som ønskjer kunnskap om nervesystemet, med fokus på medisinstudentar som treng slik kunnskap som basis for klinisk verksemd. I emnet går ein gjennom ein del sentrale tema som er naudsynte for å forstå nervesystemet sin verkemåte og funksjon.

Vi går gjennom oppbygginga og funksjonen til nervecellene, og korleis kommunikasjonen skjer mellom nervecellene. Vi vil også presentere hovuddelane av det perifere og sentrale nervesystemet, og korleis signala vert leia inn til og ut frå sentralnervesystemet. Dei ulike delane av nervesystemet vert systematisk gått gjennom, både sanseorgana og dei sensoriske systema, og dei motoriske systema og deira rolle i rørslefunksjonen. Funksjonen til nervesystemet i reguleringa av åtferd, minne, emosjonar og søvn vert også gått gjennom. Dei ulike tema er delar av eit integrert undervisningsopplegg, og både strukturen og funksjonen vert lagt vekt på.

Den kliniske forelesingsrekka er òg ein del av emnet.

Læringsutbyte/resultat

Etter avslutta emne skal studentane kunne:

  • beskrive og forklare oppbygginga og funksjonen til nervecellene, og korleis dei kommuniserer med kvarandre.
  • gjere greie for oppbygginga og funksjonen til sanseorgana, dei sensoriske systema og dei motoriske systema.
  • gjere greie for korleis nervesystemet regulerer åtferd, og kva rolle delane av nervesystemet har i minne, emosjonar og søvn.
  • resonnere seg fram til kva slags symptom og funn ein person vil vise ved ein bestemt skade på nervesystemet.
  • bruke resonnement og kunnskap til å finne ein mogleg plassering av ein skade på nervesystemet ut frå eit sett symptom hjå ein pasient.
  • identifisere viktige anatomiske strukturar på anatomiske preparat av nervesystemet.

Krav til forkunnskapar

Grunnutdanning i biologi, helst human biologi, tilsvarande BIOBAS.

Fagleg overlapp

HUFY235.

Emnet BMED251 er identisk med MED1NEVRO, med unntak av hode/hals-anatomi og hjernedisseksjon (sistnevnte vert erstatta med hjernedemonstrasjon). Emnet har heller ikkje muntleg/praktisk eksamen.

Undervisning og omfang

Førelesingar, sjølvstudium, laboratoriekurs, demonstrasjonar, kollokvium, gruppeundervisning og spørjetimar.

Obligatoriske arbeidskrav

Laboratoriekurs i fysiologi, histologikurs og hjernedemonstrasjon.

Vurderingsformer

4 timars skriftleg eksamen.

Karakterskala

A-F

Emneevaluering

Skriftleg evaluering via Mi side.

Kontaktinformasjon

studie@biomed.uib.no / +47 55 58 64 40/39


© 2014 Universitetet i Bergen - Adresse: Postboks 7800, N-5020 Bergen
Tlf.: 55 58 00 00, Faks: 55 58 96 43
Ansvarleg redaktør: Utdanningsavdelinga
Utforming: Formidlingsavdelinga
login