Utdanning StudentWeb  Emneoversikt  Oppslag  IKT for studenter  


StudentWeb >> Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (emne) >> Turbulens i atmosfærens og havets grenselag 

GEOF310 /

 Timeplan (liste)

 Pensum

Undervisningssemester

Haust

Eksamenssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Mål og innhald

Kurset gir ei innføring i turbulens og energifluksar i atmosfæren sitt grensesjikt og havet sitt blandingslag. Målet er å gje studentane eit grunnlag for vidare studiar innan dette feltet, og å gi studentane tilstrekkeleg bakgrunn for å vurdere turbulente prosessar si tyding for andre problemstillingar innan meteorologi, oseanografi eller klima. Emnet dekker homogen turbulensteori med spektrale metodar, definering og måling av turbulente fluksar, og verknaden av sjikting i grenselaga i atmosfæren og i havet. Budsjettlikningane for turbulent kinetisk energi og temperaturvariasjonar vil verte utleia og dei ulike ledda vert diskutert. Det vil bli fokusert på sentrale eigenskapar ved ulike prosessar i blandingslaget i havet og i grenselaget til atmosfæren. Profilane til ulike sporstoff samt hastigheitar og dei turbulente fluksane i atmosfæren og i havet vert skildra og diskutert for ulike pådrag. Det vil også bli gitt ein oversikt over vanlege metodar for bruk av ulike instrument og målingar.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne skal studenten kunne:

- skildre og samanlikne dei sentrale eigenskapane til grenselaga i atmosfæren og i havet

- identifisere og skissere profilane til sporstoff og turbulente fluksar i grenselaget i atmosfæren og i havet under ulike forhold

- skildre og diskutere dei ulike uttrykka for turbulent kinetisk energi i budsjettlikningane

- skissere eit ideelt energispekter og diskutere dei forskjellige områda i spekteret

- forklare problemet med turbulent lukking og skildre dei ulike metodane for å løyse dette

- velja strategiar for instrumentering og prøvetaking for måling av turbulente straumar i atmosfæren og havet

- utrekne og tolke nøkkelparameterar slik som fluksar og turbulent kinetisk energi frå eit datasett ved bruk av direkte og indirekte metodar

Krav til forkunnskapar

Bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Fagleg overlapp

Obligatoriske arbeidskrav

Godkjende oppgåver

Vurderingsformer

Munnleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: ingen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent på Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no


© 2013 Universitetet i Bergen - Adresse: Postboks 7800, N-5020 Bergen
Tlf.: 55 58 00 00, Faks: 55 58 96 43
Ansvarleg redaktør: Utdanningsavdelinga
Utforming: Formidlingsavdelinga
login