MEVI212 / Kringkastingshistorie Timeplan (liste)
Pensum
Studiepoeng: 15.0
UndervisningssemesterUregelmessig, haust eller vår
EksamenssemesterHaust/vår
UndervisningsspråkNorsk
StudienivåBachelor
InstituttInstitutt for informasjons- og medievitskap
Krav til studierettOpe for alle med studierett ved Universitetet i Bergen
Mål og innhaldMålet med emnet er å styrkje studentane sine kunnskapar om utviklinga av radio og fjernsyn, fyrst og fremst m.o.t. struktur og innhald. Emnet gir fordjuping i norsk radio- og fjernsynshistorie med særleg vekt på utviklinga av strukturelle forhold og innhaldsmessig genre. Mediedebattar som involverer radio og fjernsyn, programreglar og kringkastingspolitikk blir også tatt opp. Frå år til år kan det leggjast vekt på ulike periodar, genre, strukturelle trekk, internasjonale forhold eller på det å skrive kringkastingshistorie.
Læringsutbyte/resultatEtter å ha fullført emnet skal studenten kunne: - gje ein historisk utgreiing om den norske allmennkringkastinga. - Greie ut om den politiske reguleringa av kringkastingsverksemd, om forholdet mellom allmennkringkasting og kommersiell kringkasting og dei særlege kulturpolitiske målsetjingane allmennkringkastinga er pålagt å realisera.
Krav til forkunnskaparIngen, men kurset byggjer vidare på MEVI101 - MEVI104, fyrst og fremst MEVI101 og 103
Tilrådde forkunnskaparEmnet byggjer vidare på tema frå MEVI101 og 103, og det er ønskjeleg at studentane har gjennomført fleire emne frå medievitskap.
Fagleg overlappIngen
Undervisning og omfangUndervisninga blir gitt i form av førelesingar og rettleiing.
Obligatoriske arbeidskravSeminardeltaking og seminaroppgåve
Vurderingsformer Ein 4-dagers heimeeksamen. Besvarelsen skal være på maks 4000 ord eksklusive referanseliste.
Karakterskala Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Emneevaluering Emnet vert evaluert av studentane kvart 3.år, av faglærer kvart år
Kontaktinformasjon studieveileder@media.uib.no
|