Utdanning Administrer studiene dine  Emneoversikt  Oppslag  


StudentWeb >> Det samfunnsvitskaplege fakultet (emne) >> Bacheloroppgåve i medievitskap 

MEVI200 / Bacheloroppgåve i medievitskap

 Timeplan (liste)

 Litteraturliste

Studiepoeng: 15.0

Mål og innhald

Målet med emnet er å gje studentane grunnleggjande kunnskap om korleis ein planlegg og gjennomfører eit mindre forskingsprosjekt. Studentane får trening i å utvikla presise problemstillingar, samla inn og systematisera eit empirisk materiale, og å bruka metodisk innsikt, teoretiske perspektiv og begrep i analyse av det innsamla materialet.

Kurset skal munna ut i eit sjølvstendig skriftleg arbeid, ei bacheloroppgåve. Bacheloroppgåva er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid skrive under rettleiing. Tema og problemstillingar for bacheloroppgåva skal veljast i tilknyting til, og representera ei fordjuping innan, eitt av dei emna på 200-nivå som instituttet tilbyr.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

 

  • greie ut om korleis ein planlegg og gjennomfører eit mindre forskingsprosjekt.
  • utvikla presise problemstillingar, samla inn og systematisera eit empirisk materiale, og bruka metodisk innsikt, teoretiske perspektiv og begrep i analyse av det innsamla materialet.
  • utvikla sjangerforståing og evne til muntleg og skriftleg formidling, samt ha tileigna seg kunnskap om sentrale forskingstradisjonar innan det valde forskingsfeltet.

 

 

Undervisningssemester

 Vår

Eksamenssemester

 Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar på bachelorprogrammet i medievitskap

Krav til forkunnskapar

MEVI101, MEVI102, MEVI103 og MEVI104

Undervisning og omfang

Førelesingar og seminar. Individuell rettleiing.

Obligatoriske arbeidskrav

Obligatorisk seminardeltaking og rettleiing. Tema og problemstillingar for bacheloroppgåva skal godkjennast av faglærar.

Vurderingsformer

Individuell bacheloroppgåve

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Regelmessig


© 2014 Universitetet i Bergen - Adresse: Postboks 7800, N-5020 Bergen
Tlf.: 55 58 00 00, Faks: 55 58 96 43
Ansvarleg redaktør: Utdanningsavdelinga
Utforming: Formidlingsavdelinga
login